Knud Knudsen, riksmålet og det ortofone prinsippet
Les om Knud Knudsen og riksmålet og svar på oppgåvene.
Kvifor var Knud Knudsen så oppteken av morsmålsfaget i skulen?
Kvifor ville Knud Knudsen ta utgangspunkt i det han kalla "den landsgyldige dannede uttale" i arbeidet med å lage eit nytt norsk skriftspråk?
Kva meinte Knud Knudsen om arbeidet til Ivar Aasen?
Korleis vil du forklare det “ortofone prinsippet” til Knud Knudsen?
Kvifor var 1907-reforma ein viktig siger for Knud Knudsen og språkarbeidet hans?
Knud Knudsen blir omtalt som ein språkleg purist. Kva er ein purist, og kvifor kan ein kalle Knud Knudsen det?
Del 1: Før og etter 1907-reforma
Samanlikn dei to versjonane av "Svarte-Per" som du finn i tekstboksen nedanfor. Finn rettskrivingsendringar som er i tråd med det ortofone prinsippet og Knudsens fornorskingsprogram.
Finn du døme på ord i 1907-teksten som har blitt meir ortofone i dagens moderne bokmål?
Prøv å rangere orda nedanfor i ei liste frå mest til minst ortofont:
croissant
rangerer
rabalder
nachspiel
service
konteiner
Del 2: Den ortofone norsken din
Skriv om teksten nedanfor slik at stavinga blir så ortofon som mogleg etter ditt eige talemål.
Støyter du på vanskar ved nokon ord eller lydar? Kunne du til dømes trunge nokon nye bokstavar?
Viss språket du nettopp har skrive med, skulle blitt landsgyldig, altså skulle gjelde for heile Noregs befolkning:
Kva ord eller stavemåtar ville vore mest problematisk?
Korleis ville du løyst det?
Så drev de noen mil nedover med strømmen. Strendene var snart frodige, snart øde, snart flate og snart bratte. Elven ble stadig bredere, og til slutt fløt den inn under en mektig hvelving av skyhøye fjell. De to reisende lot seg ikke avskrekke, men ga seg ufortrødent strømmen i vold. Her smalnet den inn og bar dem videre i rasende fart, og vannene tordnet med et skrekkinnjagende rabalder. Efter fireogtyve timers forløp så de dagslyset igjen, men da tørnet kanoen mot en klippe og gikk i knas. En hel mil måtte de klatre fra knaus til knaus. Endelig ble utsikten videre, og de skuet utover en veldig slette omkranset av uoverstigelige fjell i det fjerne.
Teksten er henta frå Voltaires Candide (1759), 17. kapittel
Relatert innhald
Knud Knudsen er kjend for arbeidet sitt med å fornorske det danske skriftspråket. Han blir rekna som bokmålets far.
Kjelder:
Rolfsen, N. (1906). Læsebog for folkeskolen. Første del. Jacob Dybwads forlag. Kristiania.
Rolfsen, N. (1907). Læsebok for folkeskolen. Første del (Riksmaalsutgave). Jacob Dybwads forlag. Kristiania.
Voltaire, Francois-Marie Arouet De (1759). Candide eller optimismen. 2. utgåve (2000). Omsett til norsk og første gong gitt ut i 1946. Gyldendal norsk forlag ASA. Henta frå: https://www.nb.no/items/c1f00e9759b3c8493c849d1d93c8e8e1?page=5&searchText=voltaire%20candide.