Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva språkspørsmål er viktige for deg?

Del: 1

Oppgåve 1. Kva er språkpolitikk?

Ein definisjon av omgrepet språkpolitikk:

Språkpolitikk er å formulere målsetjingar, setje inn tiltak og lage reglar og lover for språka vi bruker i landet vårt. Språkpolitikken påverkar mellom anna korleis språka skal sjå ut, og kva status ulike språk har i samfunnet og i forhold til andre språk.

De skal bruke definisjonen som utgangspunkt for ein liten tekst om språkpolitikk. Kopier og lim derfor inn definisjonen i eit dokument.

  1. I definisjonen blir tre ulike område i språkpolitikken nemnde. Marker desse med ein farge.

  2. I grupper: Kva for konkrete språkpolitiske målsetjingar, tiltak og reglar eller lover kjenner de til? Prøv å finne minst eitt døme til kvart av dei tre områda.

  3. Utvid definisjonen ved å skrive inn døma. Står de fast på nokon, er det lov å søkje på internett.

  4. Finn kjelder som stadfestar at døma er korrekte. Legg inn kjeldene i teksten.

  5. Gå saman med ei anna gruppe og sjå på tekstane til kvarandre. Er døma gode? Er dei fletta naturleg inn i teksten slik at han flyt? Er kjeldene korrekt førte? Bruk innspela til å forbetre teksten.

Oppgåve 2. Språkpolitikk i praksis

For å forstå kva språkpolitikk verkeleg er, kan det vere lurt å sjå på praktiske døme.

Først skal de lese artikkelen "Korleis kan vi styre språket?". Deretter skal de "dekonstruere" (dele opp i mindre delar) definisjonen de las i del 1 ved hjelp av dei interaktive oppgåvene nedanfor.

Oppgåve 3. Kan du påverke?

Diskuter i grupper:

  • Kva kan "vanlege folk" som dykk gjere for å påverke språket og språksituasjonen i Noreg?

Oppgåve 4. Kva er viktig for deg?

Individuelt:

Kva spørsmål synest du burde stå sentralt i den språkpolitiske debatten i Noreg i dag? Skriv ned to tema eller problemstillingar, og lag ei kort grunngiving for kvifor du meiner desse to er viktige.

I grupper:

Gå saman i grupper på fire til seks deltakarar, og samanlikn det de har skrive.

  1. Kva for tema eller problemstilling synest gruppemedlemane er mest interessant?

  2. Kva meiner de i gruppa om dette temaet eller denne problemstillinga?

I plenum:

Presenter og diskuter denne problemstillinga med dei andre elvane i klassen.

Del 2:

I 2018 publiserte Språkrådet rapporten Språk i Noreg - kultur og infrastruktur (sprakradet.no), som skulle "identifisere dei (tre til fem) viktigaste innsatsområda for å sikre at norsk språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk står sterkt på alle samfunnsområde òg i framtida."

Satsingsområda i rapporten er å takle

  • språkmangfaldet i arbeidslivet

  • den språkteknologiske kvardagen

  • eit mediespråk i endring

  • eit fleirspråkleg Noreg

og å styrkje

  • språkopplæringa og språklege rettar i skulen

  • dei nasjonale språka innanfor høgare utdanning

Oppgåve 1.

Individuelt:

Bestem deg for kva for to satsingsområde du synest er viktigast, og rangar dei. Noter deretter argument for kvifor du synest det eine området er viktigare enn det andre.

Oppgåve 2.

I grupper:

  1. Samanlikn rangeringane og argumenta. Kvifor er de einige/ueinige?

  2. Kvifor er det så vanskeleg å bli einige om korleis vi skal styre det som har med språk å gjere?

  3. Då de argumenterte for rangeringa av satsingsområda, argumenterte de då mest på grunnlag av kva som var best for dykk personleg, eller for samfunnet samla sett? Kvifor?

Relatert innhald

Er det sånn at språkendringar “berre skjer”, eller kan vi styre språket som vi vil? Og kven kan i så fall styre det?

Kjelder:

Språkpolitikk (u.å.) Henta frå Wikipedia (juni 2021): https://no.wikipedia.org/wiki/språkpolitikk

CC BY-SASkrive av Christian Lund og Marthe Moe.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2021

Læringsressursar

Språkstyring