Rollespel om språkdebatten på 1800-talet - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Rollespel om språkdebatten på 1800-talet

Nokre sentrale personar i den norske språkdebatten på 1800-talet møter kvarandre på kafé i hovudstaden. No er det dykkar jobb å levandegjere desse personane.

Oppgåve 1

Førebuing:

Set dykk grundig inn i debatten om språkutvikling på 1800-talet og argumentasjonen for at den nye norske nasjonen burde ha eit eige språk. Finn ut kva Ivar Aasen og Knud Knudsen meinte om saka.

Bruk "Relatert innhald" nedst på sida. Leit gjerne etter meir informasjon på nettet. Leit gjerne etter meir informasjon på nettet.

Møte på ein kafé:

Ivar Aasen og Knud Knudsen møtest til ein kopp kaffi på ein kafé i Kristiania. Der snakkar dei om kva ein bør gjere med språksituasjonen i Noreg. Dramatiser dette møtet.

Oppgåve 2

Førebuing:

Set dykk grundig inn i debatten om språkutvikling på 1800-talet og argumentasjonen for at den nye norske nasjonen burde ha eit eige språk. Finn ut kva Ivar Aasen, Knud Knudsen, Henrik Wergeland, Sebastian Welhaven og P. A. Munch meinte om saka.

Bruk "Relatert innhald" nedst på sida. Leit gjerne etter meir informasjon på nettet.

Paneldebatt:

Aasen, Knudsen, Wergeland, Welhaven og Munch møter kvarandre til debatt om «det norske sprog». Temaet er: Kva er «det norske språk», og kva bør ein gjere med språksituasjonen slik han er?

Gå saman i grupper på seks og fordel rollene mellom dykk. Ein elev får i oppgåve å vere møteleiar og ordstyrar.

Relatert innhald

Fagstoff
Kvifor har norsk to skriftspråk?

Forteljinga om korleis norsk fekk to ulike skriftspråk, er reine eventyret. Bakgrunnen for den unike norske situasjonen oppstod på 1800-talet.

Skrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019