Kvensk språk
Kvenane er ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Med nasjonal minoritet meiner vi ei etnisk, religiøs og/eller språkleg gruppe med lang tilknyting til landet. Dei fire andre nasjonale minoritetane i Noreg er skogfinnar, rom (sigøynere), romanifolk (taterar, dei reisande) og jødar. Samane er også ein minoritet i Noreg, men dei blir rekna som urfolk. Samisk, kvensk, romanes og romani er definerte som region- eller minoritetsspråk i Noreg.
Kvenane i Noreg er etterkommarar av finsktalande innvandrargrupper i Troms og Finnmark. Dei kjem opphavleg frå Nord-Sverige og Nord-Finland. Dei første kvenane var registrerte i skattemanntalet i Noreg allereie på 1500-talet, men dei fleste av dei kom på 1700- og 1800-talet.
Alle med finsk språk- og kulturbakgrunn som kom til Nord-Noreg før 1945, blir i dag rekna som kvenar. Totalt er det mellom ti og femten tusen personar. Nokre tusen av dei snakkar kvensk eller finsk, men ikkje alle kan skrive språket. Det er heller ikkje alle kvenar som bruker ordet kven om seg sjølve, for nordmenn har tidlegare brukt ordet nærast som eit skjellsord. Mange føretrekkjer å omtale seg sjølve som finskætta.
På 1500- og 1600-talet kom det finske innvandrarar også til Hedmark og busette seg i den søraustlege delen fylket, i området som i dag heiter Finnskogen eller Finnskogane. Dei utvandra frå ein annan del av Finland enn kvenane og blir kalla for skogfinnar. Nemninga kvensk blir heller ikkje brukt om finlendarar som har busett seg i Noreg i nyare tid.
Kvensk er i nær slekt med språket i Tornedalen i Nord-Sverige og med dialektane i Nord-Finland, og mange bruker også i dag nemninga finsk om språket til kvenane. I år 2000 gav den norske regjeringa eit oppdrag til Kenneth Hyltenstam, professor i tospråklegheitspedagogikk ved Stockholms universitet. Hyltenstam skulle undersøkje spørsmålet om kvensk/finsk skulle bli sett på som eit språk eller som ein dialekt. Konklusjonen hans var at ein kunne sjå på kvensk som eit eige språk fordi kvensk har vore åtskilt frå dei finskspråklege miljøa i Tornedalen og i Finland, og har utvikla seg sjølvstendig over ein periode på 300 år. I 2005 vart kvensk anerkjent som eige språk i Noreg og som nasjonalt minoritetsspråk.
I 2005 vart også Kvensk institutt stifta, eit nasjonalt senter som har som mål å bevare og utvikle kvensk språk og kultur og skape nye arenaer for språkbrukarar. Det er òg lagt ned eit betydeleg arbeid for å utvikle ei offisiell kvensk skriftnorm og ein kvensk grammatikk. I Troms og Finnmark kan elevar no velje kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen og i vidaregåande skule, og Universitetet i Tromsø har eit studietilbod i kvensk språk og kultur. I dag blir det også skrive romanar på kvensk, og det blir produsert kvenske filmar.
Frå 1840-åra og framover var det norske samfunnet prega av sterke nasjonalistiske strøymingar: Språk og kultur skulle vere norsk. Derfor vart det sett inn ei rekkje tiltak for å "fornorske" den kvenske og samiske befolkninga. Minoritetsgrupper med språkleg og kulturell tilhøyrsle på tvers av landegrensene i nord vart sett på som ein trussel mot norsk suverenitet. I andre halvdel av 1800-talet auka til dømes talet på kvenar i Finnmark sterkt, og styresmaktene vart redde for at ein del kommunar skulle bli "heilkvenske".
Lova om bruk av norsk språk i skulen frå 1892 fastslo at ein i undervisninga skulle bruke talemålet til barna mest mogleg, og at nynorsk og bokmål skulle vere sidestilte. Undervisninga av samiske og kvenske barn skulle derimot gå føre seg på norsk. Heilt fram mot andre verdskrigen brukte styresmaktene skulepolitikken bevisst til å svekkje kvensk og samisk språk og kultur, og strategien lykkast i stor grad. Mange foreldre unnlét å lære barna sine kvensk, sidan språket og kulturen vart stempla som mindreverdig av storsamfunnet rundt dei.
Kvenar er ofte tospråklege. I område der kvenane er i fleirtal, er også etniske nordmenn ofte fleirspråklege, særleg i Nord-Troms og Alta, men også i Varanger. Kvensk (og samisk) har teke opp i seg ein del norske ord, men påverknaden kan også gå den andre vegen: Mellom 1999 og 2003 gjennomførte Hilde Sollid ved Universitetet i Tromsø ein studie av møtet mellom kvensk og norsk i den vesle bygda Sappen i Nordreisa. Studien viser at folk tok med seg trekk frå kvensk når dei lærte seg norsk som andrespråk, mellom anna bygde dei opp setningane noko annleis enn norske morsmålsbrukarar. Dette andrespråket har så påverka den norske dialekten i bygda, og endra han.
Relatert innhald
Lær om urfolk, minoritetar og språklege rettar i Noreg.