Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sidemålskarakter eller ikkje sidemålskarakter?

Sidemålskarakter eller ikkje sidemålskarakter – det er spørsmålet! Er den norske sidemålsordninga moden for endringar? Kva seier politikarane? Kva meiner du? Førebu deg til debatt!

Kva gjer vi med sidemålsundervisninga?

I denne oppgåva skal de førebu dykk til ein klassediskusjon om kanskje det mest omdiskuterte temaet i norskfaget.

For å kunne diskutere sakleg og godt bør du førebu deg ved å søke kunnskap. Du bør òg finne ut kva argument som finst for dei ulike løysingane – og ikkje minst – vurdere argumenta.

Del 1: Utgangspunktet ditt

  1. Kva tankar har du om dagens ordning med eigen sidemålskarakter og eigen sidemålseksamen? Du kan til dømes tenke gjennom det følgande:
    • Kva er formålet med sidemålsundervisninga?
    • Kor viktig er karakterar for at du jobbar med ei oppgåve eller eit fag?
    • Har innsatsen du legg ned i eit fag noko med om det er eksamensfag eller ikkje?
    • Kor viktig er det for motivasjonen din i faget om det du lærer er nyttig òg utanfor skulen?

Del 2: Sjå, lytt og noter

Politisk kvarter er eit politisk aktualitetsprogram på NRK Radio P1. 12. januar 2017 hadde dei besøk av dåverande kunnskapsminister frå Høgre, Torbjørn Røe Isaksen, og stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete. Dei diskuterte sidemålsordninga i norsk skule.

Sjå debatten nedanfor og noter dei viktigaste argumenta i stikkordsform. Debatten varer i underkant av 9 minutt.

Del 3. Kva står dei for?

Jobb med oppgåvene nedanfor. Slik skaffar du betre oversikt over og forståing for påstandane og argumenta i debatten.

Del 4: Vurder argumentasjonen

Under skal de sjå nærare på og diskutere argumenta til Røe Isaksen og Navarsete. Kanskje finn de svakheiter, og kan hende har dei begge motargument de kan bruke i eigen diskusjon?

A) Vurder Torbjørn Røe Isaksens argumentasjon

Bruk den interaktive ressursen nedanfor.

  1. Organiser Røe Isaksens argument frå sterkast til svakast.
  2. Grunngi plasseringane: Klikk på snakkeboble-ikona som kjem til syne til høgre for argumenta og fyll inn.
  3. Når du er ferdig, trykk "Opprett dokument". Dokumentet gir god oversikt over rangeringa og grunngivingane dine. Denne oversikta er fin å ha i del 4 når de skal samanlikne resultata i grupper.

B) Vurder Liv Signe Navarsetes argumentasjon

Bruk den interaktive ressursen nedanfor.

  1. Organiser Navarsetes argument frå sterkast til svakast.
  2. Grunngi plasseringane ved å klikke på snakkeboble-ikona som kjem til syne til høgre for argumenta.
  3. Når du er ferdig, trykk "Opprett dokument". Dokumentet gir god oversikt over rangeringa og grunngivingane dine. Denne oversikta er fin å ha i del 4 når de skal samanlikne resultata i grupper.

Del 5: Samanlikning av vurderinga

Diskuter i grupper:

  1. Har de rangert likt? Kvifor/kvifor ikkje?
  2. Saknar de nokon argument i debatten? Eventuelt kva for nokon?
  3. Kven kom best ut av debatten – Røe Isaksen eller Navarsete? Grunngi svaret.

Del 6: Gjennomfør ein klassediskusjon

Tips til lærar

Diskusjonen kan gå føre seg på ulike måtar:

  • Du kan organisere ein klassediskusjon der du er ordstyrar, anten i klasserommet eller i eit digitalt videomøte.

  • De kan ha ein paneldebatt, der fleire ulike syn er representert. Då kan elevane trekke eit standpunkt på førehand, og på den måten risikerer dei å måtte argumentere for eit anna standpunkt enn sitt eige. Det er ei fin øving i å ta andre sitt perspektiv.

Kunnskap om det du skal diskutere, er det viktigaste i ein debatt. Samle gjerne fleire opplysningar og argument før du gir deg i kast med debatten. Her er nokre forslag:

Det er òg viktig å vere godt førebudd på korleis du kan bruke kunnskapen og få fram meiningane dine. Her er nokre forslag til korleis du kan førebu deg til debatten:

  • Ta først eit standpunkt og formuler som ei setning: "Eg meiner at..."

  • Skriv opp minst tre argument for standpunktet ditt. I tillegg må du ha utdjupande argument med forklaringar og døme.
  • Sjekk at argumenta dine er haldbare, at du ikkje kjem med påstandar du ikkje har belegg for. Vis gjerne til statistikk og/eller ekspertar på fagområdet for å styrke argumenta dine.
  • Førebu deg på kva argument motstandarane dine har og lag motargument til desse.
  • I diskusjonen: Lytt til motstandarane dine og svar sakleg.
CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2021

Læringsressursar

Språkstyring