Hopp til innhald

Kortfilm

Smerteterskel

Vilja er fysisk sterk, men livredd for smerte. Filmen handlar om korleis ho får hjelp til å takle skilsmissa til foreldra og sine eigne redsler.
Filmplakat med eit bilete som viser ei jente i raud brytedrakt framfor ein stor vegg. Tittelen på filmen, Smerteterskel, står øvst på plakaten. Plakat.

Om filmen

Vilja er tolv år og fysisk sterk. Ho elskar bryting sjølv om ho er livredd for smerte og taper alle kampar. Vilja frys til is når ho får vite at foreldra hennar skal skiljast og mora får seg ny kjærast.

Vilja er òg skeptisk til den nye stesøstera si, Thea, som er stjerna i bryteklubben. Thea på si side gjennomskodar dilemmaa Vilja står i og bestemmer seg for å rettleie henne ut av frykta for både den fysiske og psykiske smerta.

Filmdeltaljar

  • År: 2024

  • Varigheit: 17 minutt

  • Regi: Marianne Ulrichsen

  • Medverkande: Eveline Gullbrandson Leland, Hedda Andreassen, Liv Randi Reistad, Morten Skartveit, Helga Guren

  • Format: kortfilm

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Smerteterskel på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 16.10.2024

Læringsressursar

Filmsamlingar