Hopp til innhald

Kortfilm

Motvind

Kortfilm om Birgit sin kamp mot vindmøller og for ekteskapet med Trond — politimannen som har komme for å fjerne henne.
Ei kvinne i gul regnjakke og grøn regnbukse sit på ein knaus. Ein politimann i uniform står litt lenger borte på knausen med hendene i lommene. Foto.

Om filmen

På ei forblåst klippe kjempar Birgit ein kamp mot vindmøller og for ekteskapet med Trond — politimannen som har komme for å fjerne henne.

Med strikking, sjokoladekake og ein vilje av stål utfordrar ho mannen sin til ein uventa duell. Birgit prøver å få Trond til å tore å stå for noko – om det så betyr at han må bere henne bort med makt.

Filmdetaljar
  • År: 2021

  • Varigheit: 13 minutt

  • Regi: Jon Vatne

  • Medverkande: Elisabeth Matheson, Trond Ove Skrødal

  • Format: kortfilm

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Motvind på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

Sjå kortfilmen Motvind der Birgit kjempar mot utbygging av vindmøller, og jobb med interessekonfliktar rundt biologisk mangfald og korleis vi kan påverke.

CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 15.02.2023

Læringsressursar

Filmsamlingar