Generasjon Utøya - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Generasjon Utøya

Kva har skjedd med nokre av dei unge som var på Utøya 22. juli 2011, i dei ti åra som har gått? Korleis har dei klart å jobbe vidare med det dei framleis trur på – og som dei vart forsøkt drepne for?

Om filmen

Fire unge kvinner som alle overlevde Utøya, har valt å halde fram det sterke politiske engasjementet sitt. Dei unge politikarane vart alle dødeleg såra, eller dei så kjærastane sine og venner bli drepne.

Felles for dei alle er at dei er tvinga til å omarbeide det som skjedde, og dei har alle valt å jobbe vidare for det dei trur på. Dei kjempar vidare, ikkje berre på vegner av seg sjølve, men på vegner av ein heil ungdomsgenerasjon, og samtidig gir dei håp til eit heilt land og folk.

Filmdetaljar
  • År: 2021

  • Varigheit: 100 minutt

  • Regi: Aslaug Holm og Sigve Endresen

  • Medverkande: Line Hoem, Ina Libak, Kamzy Gunaratnam, Renate Tårnes

  • Format: dokumentar

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå dokumentaren Generasjon Utøya på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmea på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Skrive av Berit Andersen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 15.02.2023