Bruk filmar frå Filmbib - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Bruk filmar frå Filmbib

Norske kortfilmar og dokumentarar er gjorde tilgjengelege for undervisningsformål av NFI (Norsk filminstitutt). Med Bibliotekkortet får du tilgang til heile filmtenesta Filmbib. NDLA har plukka ut filmar og laga oppgåver til spesielt utvalde filmar.

Bruk filmar frå Filmbib i undervisninga

NDLA samarbeider med Norsk filminstitutt (NFI) om å velje ut filmar frå Filmbib som er særleg relevante for i ulike fag og for arbeid med tverrfaglege emne. Det er i mange tilfelle òg laga oppgåver til filmane. Filmane gir opplevingar, og oppgåvene fungerer som utgangspunkt for samtalar, diskusjonar og refleksjonar rundt ulike problemstillingar.

Kva er Filmbib?

Filmbib er strøymetenesta til biblioteka for norske kortfilmar og dokumentarfilmar. Tenesta er fritt tilgjengeleg for alle med Bibliotekkortet. Filmane er rettsklarerte for privat bruk og til klasseromsundervisning.

To gonger årleg blir det kjøpt inn nye filmar til Filmbib. Filmane i tenesta er tilgjengelege i fem år frå publiseringsdato. Ordninga er nasjonal og administrert av Norsk filminstitutt på oppdrag frå Kulturdepartementet.

Slik loggar du inn på Filmbib

For å sjå filmane i Filmbib må du logge deg inn med lånekortnummeret ditt, som du finn på det nasjonale lånekortet ditt. Nummeret består av bokstaven N og ni tal. Du treng òg den firesifra PIN-koden som er knytt til kortet, for å logge inn på Filmbib.

Manglar du Bibliotekkortet, kontaktar du biblioteket eller bestiller det digitalt hos Nasjonalbiblioteket. Her kan du òg endre PIN-koden din dersom du har gløymt han.

Nasjonalbiblioteket: Bibliotekkortet

Relatert innhald

Ekstern
Filmbib

Nettside hos filmbib.no

Skrive av Berit Andersen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 28.01.2023