Koftepolitiet - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Kortfilm

Koftepolitiet

Koftepolitiet er ein satirisk kortfilm om korleis vi, både Sámi og majoritetsbefolkninga, bevisst og ubevisst definerer den rette måten å vere samisk på.

Om filmen

Tre samiske menn reiser til Oslo. Ein av dei er iført ein gákti, den tradisjonelle samiske kofta, for å tiltrekke seg kvinner. Den andre meiner dette er uetisk, mens den tredje er bitter fordi han ikkje får same effekt ut av kofta når han ber ho.

Dette er ein politisk identitetssatire om korleis vi, både Sámi og majoritetsbefolkninga, bevisst og ubevisst definerer den rette måten å vere samisk på.

Filmdetaljer
  • År: 2021

  • Varigheit: 13 minutt

  • Regi: Egil Pedersen

  • Medverkande: Mathis Ståle Mathisen, Mikkel Gaup, Sverre Porsanger

  • Format: kortfilm

  • Opphav: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Koftepolitiet på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

Skrive av Berit Andersen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 15.02.2023