Hopp til innhald

Kortfilm

Hvem er Katharina

Animasjonsfilmen Hvem er Katharina handlar om å finne sin eigen identitet som homofil og om å tore å vere den ein er.
Jente med briller, blå genser og brunt hår sit på kino og et popkorn. Rosa bakgrunn. Til venstre er filmtittelen Hvem er Katarina og spørsmålet "Katharina er lesbisk?". Illustrasjon.

Om filmen

I ung alder byrjar Katharina å tenke at ho kanskje kan vere lesbisk. For å finne den seksuelle identiteten sin vender ho blikket mot film og tv og dannar seg eit bilete av korleis ho trur ho må vere. Biletet er langt frå den sjenerte og redde jenta ho eigentleg er.

Hvem er Katharina er ei personleg forteljing, basert på regissøren sine eigne opplevingar, og filmen fortel ei historie om å finne seg sjølv og kor viktig representasjon er.

Filmdeltaljar

  • År: 2022

  • Varigheit: 15 minutt

  • Regi: Ida Hansen Eldøen

  • Medverkande: Ida Hansen Eldøen

  • Format: animasjon/kortfilm

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå animasjonsfilmen Hvem er Katharina på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

Oppgåva tek opp spørsmål knytte til seksuell orientering, mediepåverknad og psykisk helse. Elevane skal òg lage eit eige opptak av ein scene frå filmen.

Kva er seksuell orientering, og kva for ulike seksuelle orienteringar finst det?

CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 05.03.2024

Læringsressursar

Filmsamlingar