Hvem er Katharina
Animasjonsfilmen Hvem er Katharina handlar om å finne sin eigen identitet som homofil og om å tore å vere den ein er.
Om filmen
I ung alder byrjar Katharina å tenke at ho kanskje kan vere lesbisk. For å finne den seksuelle identiteten sin vender ho blikket mot film og tv og dannar seg eit bilete av korleis ho trur ho må vere. Biletet er langt frå den sjenerte og redde jenta ho eigentleg er.
Hvem er Katharina er ei personleg forteljing, basert på regissøren sine eigne opplevingar, og filmen fortel ei historie om å finne seg sjølv og kor viktig representasjon er.
Filmdeltaljar
År: 2022
Varigheit: 15 minutt
Regi: Ida Hansen Eldøen
Medverkande: Ida Hansen Eldøen
Format: animasjon/kortfilm
Opphavsland: Noreg
Sjå filmen
Sjå animasjonsfilmen Hvem er Katharina på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 16.10.2024