Hopp til innhald

Kortfilm

Woke?

Det kan vere freistande å dele bilete av andre utan at dei veit om det. Men tør du stå for det du har gjort, dersom det blir oppdaga?
Utsnitt av filmplakat. Ei teikning viser ein grøn mobiltelefon mot ein rosa bakgrunn. Tittelen på plakaten er Woke?. Illustrasjon.

Om filmen

Ei kvinne på bussen oppdagar eit svært godt Snapchat-motiv og vel å fange augeblikket med mobilen sin. Mannen ved sida av lar ikkje denne hendinga gå upåakta hen, og snappen viser seg snart å koste ho dyrt i form av skam og offentleg uthenging.

Filmdetaljar
  • År: 2022

  • Varigheit: 5 minutt

  • Regi: Det Sporadiske Filmkollektivet

  • Medverkande: Andrea Bræin Hovig, Terje Ranes, Jon Ranes

  • Format: Kortfilm

  • Land: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Woke? på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: NFI
Sist fagleg oppdatert 26.10.2023

Læringsressursar

Filmsamlingar