Krigere - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Krigere

Dokumentarfilmen Krigere handlar om oppvekstvilkår, om kommunikasjon og relasjonsbygging, og om kor viktig det er for unge at dei har trygge og stabile vaksenpersonar som bryr seg om dei.

Om filmen

Berat jobbar som miljøarbeidar i Oslo aust. Her møter han ungguten Mamo som er i konflikt både med politiet og sin eigen familie. Der andre ser ein utagerande småkriminell, ser Berat ein ung gut på leiting etter tryggleik og eit mål i livet. Han har eit inderleg ønske om å hjelpe Mamo. Men så blir Berat innhenta av fortida si ...

Dokumentaren Krigere gir eit godt innblikk i oppvekstvilkåra til utsette ungdommar, måten dei blir møtt på av politi og sosialetat, og korleis miljøarbeidarar og idrettsleiarar kan opptre som stabile vaksenpersonar.

Filmdeltaljar

  • År: 2022

  • Varigheit: 81 minutt

  • Regi: Jon Haukeland

  • Medverkande: Berat Jusufi, Mamo Erkmen

  • Format: dokumentar

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå dokumentarfilmen Krigere på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Jobb med dokumentaren Krigere

Jobb med spørsmål knytte til utanforskap, kommunikasjon, relasjonsbygging og rolleforståing med utgangspunkt i dokumentaren Krigere.

Skrive av Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 29.02.2024