Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Praying for Armageddon

Dokumentaren Praying for Armageddon gir eit innblikk i religiøs fundamentalisme blant evangeliske kristne i USA, og korleis bibelske profetiar påverkar amerikansk politikk i Midtausten.
Filmplakat med tittel, produksjonsopplysningar og bilete av ein mann i kvit kjortel og raud kappe som rir på ein kvit hest på himmelen. Han har det amerikanske flagget i den eine handa og eit maskingevær i den andre. Plakat.

Om filmen

Dokumentaren Praying for Armageddon rettar søkelyset mot konservative evangeliske kristne i USA og problematiserer korleis den bokstavelege tolkinga deira av Bibelens profeti om verdas undergang verkar inn på USAs utenrikspolitikk i Midtausten.

Filmdeltaljar

År: 2023

Varigheit: 97 minutt

Regi: Tonje Hessen Schei

Medverkande: Gary Burd, Lee Fang, Frank Schaeffer

Format: dokumentar

Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå dokumentaren Praying for Armageddon på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 06.03.2024

Læringsressursar

Filmsamlingar