Hopp til innhald

Kortfilm

Sånn egentlig

Når er vi norske nok? Ein diskusjon om kvardagsrasisme tek av på ein bybuss i kortfilmen Sånn egentlig.
Ei ung kvinne med raudt hår og blå genser sit på ein buss. Ho har eit skeptisk uttrykk. Foto.

Om filmen

Ei gravid kvinne går ombord på ein buss og spør ein mann om å få sitjeplassen hans. Mannen ho spør, har tilsynelatande fleirkulturell bakgrunn, og kvinna rotar seg inn i ein diskusjon ho ikkje kjem seg ut av. Fleire passasjerar lar seg òg rive med, og det endar opp i ein oppheita diskusjon om når og korleis ein er norsk nok.

Filmdetaljar
  • År: 2021

  • Varigheit: 5 minutt

  • Regi: Det Sporadiske Filmkollektivet og Rikke Gregersen

  • Medverkande: Marianne Krogh, Sindre Arder Skildheim, Karoline Petronella Ulfsdatter Schau, Gard Eidsvold, Kai Remlov, Samantha Lawson

  • Format: kortfilm

  • Land: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Sånn egentlig på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: NFI
Sist fagleg oppdatert 19.10.2023

Læringsressursar

Filmsamlingar