Hopp til innhald

Spelefilm

Boy

Filmen Boy handlar om elleve år gamle Boy, som bur på New Zealand på 80-talet. Dei store forbileta hans er Michael Jackson og faren sin som han nesten aldri har møtt. Ein dag kjem plutseleg faren tilbake, og Boy må etter kvart innsjå at han kanskje ikkje var den store helten han drøymde om.

Om filmen

Boy er ein elleve år gammal gut frå New Zealand. Mora hans er død, og faren har han aldri møtt. Derfor bur han hos bestemora si saman med veslebroren Rocky og fleire kusiner og fetrar. Når bestemora ikkje er heime, er det Boy som er mannen i huset som tek vare på dei yngre barna.

Plutseleg ein dag kjem faren hans på besøk. Boy er i den sjuande himmelen, for faren hans er jo den kulaste fyren i verda som både kan slåst og danse som Michael Jackson!

Etter kvart som dagane går, kjem det fram at faren kanskje ikkje var fullt så kul som Boy trudde. Snarare er han ein mislykka kjeltring som ikkje får til så mykje anna enn å drive dank og stele. Kven skal Boy sjå opp til no?

Mottaking

Filmen vart godt motteken då han kom ut i 2010, og han har vunne fleire internasjonale filmprisar. Han er regissert av Taika Waititi, som òg speler rolla som faren til Boy. I ettertid har han òg regissert storfilmar som Thor: Ragnarok og Jojo Rabbit.

Boy er ein hjartevarm og sjarmerande dramakomedie om kva det betyr å sjå opp til nokon som kanskje ikkje fortener det.

CC BY-NCSkrive av Ida Marie Stokkelien og Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 27.04.2023

Læringsressursar

Identitet