Hopp til innhald

Spelefilm

Savage

Savage fortel historia om korleis Danny starta forbrytarkarrieren sin. Han hamna i ungdomsfengsel allereie som ung gut. Der møtte han Moses, og saman danna dei ein frykta og brutal gjeng.

Om filmen

Filmen Savage er inspirert av historier frå New Zealands mange gategjengar og var regissør Sam Kelley sin debutfilm. Ver merksam på at dette er ein film som har 15-års aldersgrense, mellom anna på grunn av fleire brutale valdsscener.

Hovudpersonen i filmen er gjengmedlemmen Danny, med kallenamn Damage. Danny har ei tatovering i ansiktet og er nestleiar i gjengen Savages, som han styrer med hard hand saman med kompisen Moses.

Notida av filmen er 1989. Gjennom filmen blir vi òg teke med tilbake til Dannys oppvekst på 60- og 70-talet.

Tilbakeblikk

Danny veks opp på 60-talet med ein stor søskenflokk rundt seg og ein valdeleg far. Familien er fattige, og det er sjeldan kjøtt på middagsbordet.

Ein dag blir Danny teken i å stele frå den lokale butikken. Ein politikonstabel kjem heim til familien og tek han med til eit ungdomsfengsel.

I fengselet lever barna under streng disiplin. Vold, audmjukingar og seksuelle overgrep blir ein del av kvardagen for ungdommane.

Danny og cellekamaraten Moses blir vener. Sidan foreldra aldri kjem på besøk, bestemmer dei to seg for å reise bort saman når dei kjem ut frå fengselet. Dei inngår ein avtale om å ta vare på kvarandre.

Savages

Danny og Moses dannar etter kvart gjengen Savages (villmenn). Lojaliteten til gjengen er sterkare enn blodsband. Dette kjem mellom anna til utrykk gjennom eit møte med ein konkurrerande gjeng, der bror til Danny er medlem.

Etter nokre år byrjar Moses sin leiarstil å tære på gjengen. Det ulmar til opprør, og nokon planlegg å drepe Moses. Danny blir stilt overfor eit vanskeleg val som set lojaliteten hans til Moses på prøve.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022

Læringsressursar

Identitet