Hopp til innhald

Dokumentarfilm

The Swedish Theory of Love

Dette er en dokumentarfilm om Sverige. Frå utsida kan landet verke perfekt, men bak den velorganiserte fasaden til den svenske velferdsstaten finst det mange einsame menneske.

Om filmen

Gjennom dokumentarfilmen The Swedish Theory of Love løftar filmskapar Erik Gandini fram problem med einsemd i notidas Sverige. Filmen knyter desse problema til ein politisk visjon om sjølvstende som kan sporast tilbake til 70-talet.

På 70-talet var Sverige eit godt land å leve i. Folk hadde det bra, og levestandarden var høg. Vinteren 1972 kom svenske politikarar med ein visjon. Dei ville frigjere individet frå bindingar til andre menneske. Kvinna skulle frigjerast frå mannen og dei eldre frå dei unge. Kvart menneske skulle bli sjølvstendig og uavhengig.

Einsemd

Ifølgje filmen er einsemd eit stort samfunnsproblem i det moderne Sverige. Sjølv om Sverige er eit velståande land, med mange moglegheiter for enkeltindividet, opplever mange svenskar einsemd. Halvparten av alle svenskar lever aleine, og mange svenskar døyr òg aleine – utan at nokon merkar det og melder dei sakna.

I filmen får vi mellom anna høyre historia om ein mann som tok sitt eige liv i si eiga leilegheit. Han blei liggjande død i leilegheita i to år før det blei oppdaga. Alle rekningar blei betalte via autogiro, og han hadde ikkje vener eller slektningar som prøvde å finne han. Slike tilfelle er det, ifølgje filmen, stadig fleire av i Sverige.

Ei anna gruppe som opplever einsemd i Sverige, er flyktningar. Det tek i gjennomsnitt sju år for flyktningar å finne ein jobb og integrerast i det svenske samfunnet. Sosial omgang skjer ofte gjennom organiserte aktivitetar, og mange synest det er vanskeleg å skape eit sosialt liv.

Argumentasjonen i filmen

Enkelte kritikarar har stilt spørsmål rundt om dei årsakssamanhengane som filmen presenterer, er eit uttrykk for filmskaparen si eiga overtyding, eller om det her er snakk om ein faktisk samanheng mellom sjølvstendet og einsemda til individet.

Ei slik problemstilling gjer filmen til eit godt utgangspunkt for å analysere retorikk og bruk av verkemiddel i dokumentarfilm.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 18.11.2021

Læringsressursar

Identitet