Kven har rett til å definere kven som er ei kvinne og kven som ikkje er det? Er kjønn biologisk eller sosialt koda?
Om filmen
Ein diskusjon oppstår i ein damegarderobe i det ei transkvinne blir beden om å gå.
Ein i garderoben meiner at det å vere kvinne ikkje er noko du kan bli, men noko du er fødd som. Diskusjonen eskalerer fortløpande ettersom fleire blandar seg inn – alle med ulike tankar om kva ei kvinne er.
Filmdetaljar
År: 2020
Lengde: 14 minutt
Manus: Marin Håskjold
Regi: Marin Håskjold
Skodespelarar: Mina Alette Høvik, Louise Löwenberg, Eva Johansson
Opphavsland: Noreg
Sjå filmen
Sjå kortfilmen Hva er en kvinne? på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: NFI
Sist fagleg oppdatert 03.11.2022