Jobb med kortfilmen Hva er en kvinne? - Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Jobb med kortfilmen Hva er en kvinne?

Bli trygg på å kommunisere med barn og unge om ulike kjønnsidentitetar. Sjå filmen Hva er en kvinne?. Reflekter over og diskuter kva kjønn er, og korleis det går an å snakke om det.

1. Før filmen: arbeid med temaet kjønn

Bruk gjerne fagartikkelen "Kva er kjønn?" som utgangspunkt for arbeidet med oppgåvene.

  1. Bruk kjelder og definer desse omgrepa:

    - biologisk kjønn

    - kjønnsidentitet

  2. Kva knyter du til omgrepet "hen"?

  3. Kvifor kan det vere viktig å ha eit omgrep som "hen" og ikkje berre bruke "han" og "ho"?

  4. På biletet ser du Conchita Wurst, vinnaren av Eurovision Song Contest 2014. Kvifor trur du mange reagerte på dette bidraget?

  5. Kva og kven definerer forskjellen på dameklede og herreklede? Diskuter med medelev.


2. Sjå filmen Hva er en kvinne?

Sjå Hva er en kvinne? på bibliotektenesta Filmbib.

Logg inn med Bibliotekkortet.

3. Diskuter filmen

Diskuter spørsmåla.

  1. Korleis starta diskusjonen i garderoben?

  2. Kven er dei ulike personane, og kva diskuterer dei eigentleg?

  3. Kva tenker de er bodskapen i filmen Hva er en kvinne? Grunngi.

4. Sorter og reflekter over argumenta

Personane du møter i kortfilmen Hva er en kvinne?, møtest og utvekslar argument om kjønnsidentitet i kvinnegarderoben på eit offentleg bad. Nedanfor skal du øve deg på å forstå vinklinga i argumenta.

Sorter argumenta i to kategoriar: dei som støttar ei biologisk forklaring på kjønn, og dei som støttar eit syn på at kjønnsidentitet er ei personleg oppleving.

Er argumenta lette eller vanskelege å sortere, synest du? Kva er årsakene til det?

Oppsummering

Kva argument er enkle å plassere, og kva er vanskelege å plassere?

Samanlikn svara dine med svara til ein medelev. Kva er likt, og kva er ulikt?

5. Identitet, kjønn og sjølvkjensle

Tenk dykk at de jobbar med ungdom og må handtere ein konflikt som liknar det vi ser i filmen.

  1. Bruk kjelder og definer omgrepa:

    - sjølvkjensle

    - respekt

  2. Planlegg ein samtale mellom partane i ein slik konflikt.

    - Reflekter over kva som er viktig for å vareta dei ulike partane i denne samtalen.

    - Reflekter over metodar for konflikthandtering de kan ta i bruk.

6. Ytringar, medborgarskap og debatt

  1. Kvifor blir personane i filmen så sinte og opprørte?

  2. Kvifor stoppar diskusjonen i garderoben ikkje opp?

  3. Kva betydning har det for enkeltindivid i eit samfunn å kunne

    - ytre meiningane sine

    - lytte til meiningane til andre

    - vite kva medborgarskap betyr

  4. Kva betydning har det for samfunnet at alle kan

    - ytre meiningane sine

    - lytte til meiningane til andre

    - vite kva medborgarskap betyr

  5. Reflekter over korleis vi kan diskutere spørsmål om seksuell legning og liknande tema på ein god måte.

Oppgåvene er laga i eit samarbeid mellom Norsk filminstitutt og NDLA.

Relatert innhald

Fagstoff
Sokratisk seminar

Sokratisk seminar er ein måte å organisere ein utforskande samtale i klasserommet på. Her kan du få øvd deg på metoden.

Skrive av Berit Andersen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2023