Seksualitet hos barn og unge - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Seksualitet hos barn og unge

Seksualitet er ein del av det å vere menneske. Vi er alle fødde som seksuelle individ, og vi uttrykkjer seksualiteten vår igjennom åtferda vår. For deg er det viktig å vite kva som er normal sunn seksuell åtferd, og korleis vi kan fremje god seksuell utvikling.

Seksualiteten til barn og unge

Rundt toårsalderen byrjar barn å forstå at det finst ulike kjønn. Dei identifiserer seg anten som jente eller gut. Det betyr ikkje at dei nødvendigvis føler seg som jente eller gut. I dag veit vi at kjønnsbiletet er meir mangfaldig enn som så.

Ei sunn og normal seksuell utvikling er viktig for alle barn og unge. Det å vere nysgjerrig på sin eigen seksualitet er viktig for den seksuelle utviklinga, fordi seksualiteten er ein del av det å vere menneske.

Nysgjerrigheit og utforsking rundt sin eigen kropp er eit kjenneteikn på den seksuelle utviklinga til barn og skal ikkje samanliknast med seksualitet hos vaksne. Det er noko heilt anna. Gjennom språk, berøring, utforsking av sin eigen og andre sin kropp, seksuelle leiker og aktivitetar uttrykkjer barn seksualiteten sin. Ein kan seie at barn og unge viser seksualiteten sin gjennom åtferda si.

Tryggleik rundt eigen kropp

Grunnlaget for tryggleik rundt eigen kropp, som seksuell glede og meistring, blir lagd i dei første barneåra. Den kunnskapen barnet får om seg sjølv og seksualiteten sin i barndommen, blir viktig for seinare tilknyting og intimitet.

Når barn utforskar sin eigen kropp, er det viktig at vi som vaksne møter dette på ein klok måte. Ved hjelp av ord, kroppsspråk, tonefall og ansiktsuttrykk må vi sørgje for at barnet ikkje trur det har gjort noko gale. Dersom vi vaksne møte det på ein negativ måte, vil det forme barnets oppfatningar og kjensler knytte til sin eigen seksualitet.

Vi skal møte barnet med anerkjenning og respekt slik at barnet utviklar eit sunt og positivt forhold til kroppen sin og til sine eigne verdiar og haldningar. Då er vi med på å utvikle ein sunn seksuell identitet.

Korleis forstå seksualiteten til barn og unge?

Nokre gonger kan det vere vanskeleg for oss å skilje mellom det vi kallar ei normal seksuell åtferd og åtferd som kan vere skadeleg eller urovekkjande anten for det barnet det gjeld, eller for andre.

Forsking har visst at om lag halvparten av seksuelle overgrep mot barn blir utført av barn og unge, og då på skular. Det er derfor viktig at du har kunnskap om normal utvikling og teikn på at den seksuelle åtferda skiftar karakter.

Trafikklyset (som ligg i relatert innhald) er eit godt hjelpemiddel for oss vaksne til kjenne igjen seksuell åtferd på ulike alderstrinn og utviklingsnivå, spesielt i forhold som vekkjer bekymring.

Du og kollegaene dine har plikt til å reagerer når barn og unge viser ei seksuell åtferd som kan skade andre eller dei sjølv. Det er derfor viktig at du veit korleis du skal gå fram når barn og unge viser urovekkjande og skadeleg seksuell åtferd.

Utfordringar til deg

  1. Barn og unge er avhengig av trygge vaksne som kan støtte utviklinga av sunn seksuell helse. Korleis vil du gjere det?
  2. Kva tenkjer du kan vere ei utfordring for deg når du skal jobbe med å fremje sunn seksualitet hos barn og unge?
  3. Kva vil du gjere dersom du ser barn som utforskar kroppane til kvarandre?

Relatert innhald

Kjelder

Hegge, B. (2020). Trafikklyset. Seksualitet hos barn og unge. Seksuellatferd.no. https://www.seksuellatferd.no/trafikklys/

Sandvik, M., Tennfjord, S. O., Draugedalen, K. & Larsen, K. (2020). Forebygging og håndtering av problematisk og skadelig seksuell atferd hos barn og unge. RVTS – Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging https://www.seksuellatferd.no/wp-content/uploads/2021/02/rvts_seksuell-atferd_3februar_web.pdf

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2021