Hopp til innhald

Kortfilm

Inn i vårt mørke hus

Kortfilmen Inn i vårt mørke hus er regissert av den norsk-kurdiske filmregissøren og skodespelaren Irasj Asanti, kjend for rollene sine i blant anna TV-seriane Brødre og Nobel. Filmen tek opp eit aktuelt og brennbart tema, tvangsekteskap.

Film om tvangsekteskap

At dette temaet framleis provoserer, fekk Asanti sjølv merke då han skulle skaffe hovudrolleinnehavar til filmen. Mange melde seg, men trekte seg då dei fekk høyre kva filmen handla om. Det var vanskeleg å få nokon til å spele ei ung kurdisk kvinne som forsøkjer å bryte med dei tradisjonelle verdiane til familien. Asanti enda derfor opp med å engasjere si eiga søster i rolla som Sara. Sjølv spelar han faren i filmen.

Handlinga

Filmen opnar på ein fest. Sara dansar med den norske kjærasten sin, Erik, og hyggjer seg med venner. Så kjem broren og skal «redde» henne bort frå situasjonen. Erik forsøkjer å gripe inn, og blir banka opp. Filmen følgjer Sara og den stillfarande kampen ho kjempar mot krava familien stiller til henne. Vi blir kjende med reaksjonane dei ulike familiemedlemmene har på Saras «fornorska» liv. Faren, som er overhovud i familien, har klare krav om at Sara skal gifte seg med ein som familien har valt for henne. Mora er noko meir forsonleg og forståingsfull i møte med Saras eigne ønske. Broren har den vanskelege dobbeltrolla. Som ung kurdisk mann skal han sørgje for at familien sine verdiar blir heldt ved lag, og at dei ikkje blir vanæra av Saras livsstil og val. Men som ung mann vaksen opp i Noreg ser han også Saras kamp for å leve sitt eige liv. Og filmen har ein open, og kanskje litt overraskande, slutt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2020

Læringsressursar

Identitet