Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Ein ballong til Allah

Då den norsk-tyrkiske filmskaparen Nefise var ung, pleidde ho å sende brev med ballong til Allah. Denne dokumentaren er dei vaksne ballongbreva hennar, der målet er å endre rolla til kvinner i islam.

Om filmen

Ein ballong til Allah er film nummer to i ein trilogi frå regissør Nefise Özkal Lorentzen, der alle tre dokumentarane set lys på ulike aspekt av islam og kjønn.

I denne filmen reiser ho til både Egypt og Tyrkia for å snakke med menneske som tolkar islam på vidt forskjellige vis.

Utforskande og leiken dokumentar

Korleis vart islam den religionen som er kjend for å ha minst likestilling? Kvifor arvar døtrer berre halvparten av det sønene gjer i mange muslimske land? Er vald mot kvinner meir vanleg i islam enn i andre religionar? Dette er nokre av spørsmåla filmen utforskar.

I tillegg til dei dokumentariske grepa, blandar Nefise inn mykje av sin eigen fantasi og undring i filmen.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Identitet