Hopp til innhald

Spelefilm

Sing Street

Vi er i eit Irland råka av krise i 1985. Om lag halvparten av den vaksne befolkninga er utan jobb. Ungdommen flyktar inn i den glamorøse verda til musikkvideoane gjennom den populære TV-kanalen MTV.

Handling

På grunn av den økonomiske situasjonen til familien må 14 år gamle Connor byte frå ein trygg privatskule til ein sliten, offentleg skule. Skulen er kjent for at både elevar og lærarar hamnar i daglege slåsskampar.

For å overleve mobbinga, og ikkje minst for å imponere ei jente, startar Connor eit band saman med nokre gutar frå skulen.

Med hjelp av storebroren Brendan og den gedigne vinylsamlinga hans, startar jobben med å vinne heider og ære. Eller i det minste, å vinne hjartet til drømmejenta.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 16.01.2020

Læringsressursar

Identitet