Hopp til innhald

Kortfilm

Mot nord

I denne kortfilmen har regissør Jørn Nyseth Ranum teke med seg fire skatarar til den ville naturen i Lofoten. Her ser du skating som du aldri har sett det før.

Om filmen

Frosne strender, snø, og skummande bølgjer. Regissør Jørn Nyseth Ranum lèt fire skatarar leike seg på eit terreng ingen forbind med skating, nemleg nordnorske strender.

Kortfilmen følgjer fire skatarar som leikar seg med bretta sine på frosen sand og gamle trebåtar. Medan naturen herjar rundt dei, finn dei kreative løysingar for å skate i eit miljø som er designa for alt anna enn skating.

Prisar og nominasjonar

Mot Nord vart nominert til årets kortfilm under Amandaprisen i 2015.

Kortfilmen fekk òg heiderleg omtale under kortfilmfestivalen same år.

CC BY-SASkrive av Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Identitet