Hopp til innhald

Spelefilm

Coco før Chanel

Korleis vart Coco Chanel ein av motedesignarane i verda med mest innverknad? I filmen Coco før Chanel blir vi kjent med ei dame som aldri gav opp, trass dei mange personlege tragediane hennar.


Chanels tidlege år

Coco, eller Gabrielle som ho eigentleg heitte blant sine nærmaste, vaks opp i fattige kår på ein barneheim på den franske landsbygda. Her vart 11-åringen etterlaten av faren sin etter at mora hennar døydde.

På barneheimen lærte ho å saume, og jobba etterkvart som syerske ved sida av ein karriere som kabaretsongarinne. Via kabaretteateret ho jobba ved, fekk ho innpass i dei finaste sosietetskrinsane i Paris.

Sjølv om ho fekk innpass, gjekk ho alltid sine eigne vegar. Ho vart sett på som ein sosial opprørar blant mange, både i klesvegen og elles i livsvala ho tok.

Anarkist i klesvegen

Coco Chanel skilde seg veldig ut frå dei andre kvinnene i byrjinga av det tjuande hundreåret. Ho gifta seg aldri, og fekk ikkje barn.

Medan damene på den tida gjekk i lyse overdådige kjolar, med korsett som tok pusten frå deg, tok ho korsettet sitt av. Chanel vart etter kvart kjent for den enkle stilen sin.

Kleda ho laga, var komfortable og maskuline, gjerne sauma i materiale som jersey og tweed. Ho gjekk gjerne med bukser, og favorittfargen var svart.

Moteforkjempar

Coco Chanel fornya og revolusjonerte motebiletet i si tid. Designet til Chanel framheva personlegdomen til kvinner og deira eigne behov, ikkje kva som var forventa av dei.

Kvinner fekk plutseleg bevegelsesfridom, og moten hennar reflekterte etter kvart òg tida ho levde i. På same tid som moteimperiet hennar vaks fram, vart òg kvinnerørsla og kvinner sine rettar meir synlege og fekk større betyding i den vestlege verda.

Coco Chanel har betydd enormt mykje for moteverda, og Time Magazine kåra henne i 1999 til ein av dei hundre personane med størst påverknad i det tjuande hundreåret. Ho er kanskje aller mest kjend for kjolen, som har fått namnet “Den lille sorte”, og ikkje minst parfymen Chanel No 5. Parfymen er framleis blant verdas mest selde parfymar, nærare 100 år etter han først vart lansert i 1922.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Identitet