Hopp til innhald

Kortfilm

Skylappjenta

Iram Haqs kortfilm Skylappjenta (2009) handlar om utfordringar som fleire innvandrarbarn kan oppleve i Noreg. Korleis møte forventningar frå familien om å halde på kulturen sin, i møte med verdiane til det norske samfunnet?

Om filmen

Filmen blir innleidd med ein samtale mellom den norsk-pakistanske Skylappjenta og mor hennar. Mora ønskjer ikkje at Skylappjenta skal bli norsk. – Du er ikke norsk! Du har mørk hud. Forstår du? Skylappjenta spaserer så ut i verda med ei korg med mat til den sjuke bestemora si.

Mora har utstyrt henne med skylappar, slik at ho ikkje skal kunne sjå til høgre eller til venstre. Ute i den norske verkelegheita er det lyst og vakkert, men samstundes ser vi at det under trea, i mørkret, sit norske ungdommar og drikk og festar.

På vegen møter Skylappjenta ein norsk ung mann som kallar seg Normann. Han får lov til å følgje henne eit stykke på vegen. I skuggane, mens Skylappjenta og Normann hyggjer seg, følgjer ein taxisjåfør, som kjenner Skylappjenta og familien hennar, med på alt som skjer.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 12.01.2017

Læringsressursar

Identitet