Bygdehomo - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Bygdehomo

Bygdehomo er ein kort dokumentarfilm frå filmskaparane Julia Dahr og Julie Lunde Lillesæter. Bjørn-Tore er tilbake i heimbygda Volda for å delta på Noregs første Bygdepride.

Om filmen

Då Bjørn-Tore voks opp, var det få opne homofile slik som han i Volda. Han torde på den tida ikkje å gå på byen i frykt for å bli slått ned, og det ville vore heilt utenkjeleg med ei Pride-markering for å feire kjærleik og mangfald. I filmen Bygdehomo blir vi med når Bjørn-Tore dreg tilbake til Volda for å delta på Pride, nærare bestemt den første Bygdepride nokosinne arrangert i Noreg.

Mange i Volda er med på førebuingane til Pride. Pride-flagg blir hengde opp i flaggstenger, og det blir laga plakatar og parolar. Sjølv om mange no viser støtte til Pride-rørsla, er Bjørn-Tore spent på kor mange som faktisk kjem til å dukke opp i sjølve paraden. Det er nemleg ikkje alle som er like glade for at Pride har komme til bygda. Konservative kristne kyrkjelydar er svært kritiske til Pride, og det blir mellom anna arrangert Jesusmarsj for å protestere mot arrangementet.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 10.03.2022