Rosenkål
Rosenkål er ganske hardfør og eignar seg godt for dyrking i Noreg. Han kan haustast lenge etter at frosten har sett inn, og sesongen strekker seg frå august til januar. Etter innhausting er han ikkje så lagringsdyktig som andre kåltypar, og derfor går mykje av produksjonen direkte til fryseindustrien. Rosenkål består av opptil 60 til 70 små hovud som heng på ein stengel. Han har ein særeigen, søt, nøtteaktig smak. Rosenkål blir best oppbevart kjølig så langt ned mot 0 gradar som mogleg.
Rosenkål blir brukt både rå og kokt. Rå kan han strimlast i salatar. Kokt, smørdampa eller steikt er han god til kjøtt, vilt, kalkun og fisk. Rosenkålen blir så vidt kokt mør i lettsalta vatn i ca. 5 minutt.
Rosenkål skal ha tette, faste og jamstore hovud utan visne blad. Fargen på blada skal vere jamn og friskt grøn. Snittflata skal vere rein utan misfarging eller mekaniske skadar.
Rosenkål inneheld noko vitamin A og mykje vitamin C i tillegg til jern og kalium.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
I filmen under (4 minutt) følger vi produksjonen av rosenkål frå åkeren til butikken og vidare til middagsbordet. Rosenkåldyrkar Ingrid Ek viser oss korleis rosenkål kan brukast i omelett, puré og i smårettar saman med sjampinjong og bacon.
Med andre ord
latin: Brassica oleracea var. gemmifera
engelsk: brussels sprout
tysk: Rosenkohl
fransk: chou de Bruxelles