Grønkål
Grønkål er mørkegrøn, saftig og sprø. Han har ein kraftig kålsmak og blir nytta som grønsak. Grønkål bør oppbevarast mellom 0 og 2 gradar, men han har kort holdbarhet og eignar seg ikkje for langtidslagring. Den norske sesongen strekker seg frå august til desember.
Grønkål har altså ein relativt kraftig kålsmak, men kålsmaken kan bli litt mildare om grønkålen blir utsett for frost. Då blir karbohydrata omdanna til sukker, og smaken blir søtare. Grønkål blir nytta kokt i suppe eller stuingar. Vi kan òg smørdampe han, koke han eller steike han eller nytte han som pynt i staden for salat.
Grønkål finst i ulike variantar med ulik storleik. Det er derfor ingen kvalitetskrav til storleiken, men blada skal ha ein jamn, grøn farge og vere velutvikla og krusete. Grønkål skal òg vere saftig og fri for skadar og ha ei frisk lukt.
Grønkål er ei svært sunn grønsak. Han er kalorifattig og rik på vitamin A og C. Han inneheld òg kalsium og fosfor og er ei av dei grønsakene som inneheld mest jern.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Med andre ord
latin: Brassica oleracea sabellica
engelsk: kale
tysk: Grünkohl
fransk: chou frisé