Hopp til innhald
Fagartikkel

Brokkoli

Brokkoli er ein kålvariant som har vore kjend i middelhavsområdet i hundrevis av år. Brokkoli er ein nær slektning av blomkål.

Eigenskapar og lagring

Brokkoli består av fleire samansette stilkar som kvar har sine eigne blad og mørkegrøne blomsterknoppar. Han blir òg kalla aspargeskål fordi den milde, gode smaken minner om asparges. Brokkoli blir dyrka i Noreg. Den norske sesongen strekker seg frå juni til oktober. Blir brokkolien lagra i ideelle omgivnader, helst mellom 0 og 2 gradar, kan han halde i over to veker. Plastfilm rundt brokkolien vernar mot uttørking.

Bruksområde

Brokkoli passar til det meste. Han er godt eigna i wok, supper, puréar og salatar. Han kan bli eten rå og varmebehandla. Brokkoli må ikkje koke for lenge, eit par minutt kan gjerne vere nok.

Kvalitetskrav

Brokkoli skal vere fast i konsistensen og friskt grøn å sjå til. Han skal ha sprø, saftige stilkar og blad. Knoppane skal vere av jamn, grøn farge. Dei skal vere lukka og ikkje ha gule blomstrar eller teikn på misfarging.

Næringsinnhald

Brokkoli har både lågt energi- og feittinnhald og eit høgt innhald av folat, vitamin C og kostfiber. Brokkoli er òg ei kjelde til protein og kalium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om brokkoli

I filmen under (2 minutt) kan du lære meir om brokkoli og få tips til korleis vi kan lage han til og servere han.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Brassica oleracea
engelsk: broccoli
tysk: Brokkoli
fransk: chou broccoli

CC BY-SA 4.0Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 11.09.2024