Hopp til innhald

Fagstoff

Knutekål

Knutekål er ei vidareutvikling av vill kål. Gjennom 3000 år har det vore dyrka ulike typar kål, og denne varianten oppstod nordvest i Europa på 1500-talet.
Knutekål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Knutekål er ein oppsvulma stengel med bladfesta fordelte kring heile knollen. Knollane har form som matneper og måler ca. 6–8 cm i diameter.

Knutekål finst i to variantar – ein lysegrøn variant med fleire kraftige, uavhengige bladfeste som veks frå knollen, og ein raudblå med noko tynnare bladfeste. Den fiolette/raude knutekålen blir òg dyrka i Noreg. Smak og konsistens er lik vanleg lysegrøn knutekål. Begge variantane har eit kvitt fruktkjøt med ein fast og sprø konsistens. Smaken er mild og fin og liknar på ei blanding av nepe og kålrot. I Sverige og Tyskland blir knutekål kalla kålrabi, eit namn vi knyter til kålrot. Det er viktig å ikkje forveksle desse variantane her heime.

Bruksområde

Knutekål må skrellast før bruk og blir på dei fleste områda nytta som kålrot. Han er god smørdampa eller som stuing med litt muskat i. Knutekål har mildare smak enn kålrot, og det kan derfor lønne seg å tilsetje krydder eller buljong til kokevatnet. Knutekål kan også nyttast i wok, raspa som råkost eller som snacks delt i stavar saman med dipp.

Kvalitetskrav

Knutekål skal ha kvitt, friskt og sprøtt fruktkjøt og vere fri for skadar. Bladfesta skal vere avskorne med ei lengd på 5 cm. Knollar på 200–300 gram held vanlegvis den beste kvaliteten. Større knollar har lett for å blir trene.

Næringsinnhald

Knutekål er rik på C-vitamin. Han er lett fordøyeleg og har få kaloriar.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

Juli-oktober

Med andre ord:

latin: Brassica oleracea gongylodes
engelsk: kohlrabi
tysk: Kohlrabi
fransk: chou rave

Lagring:

0–2° C. Knutekål skal lagrast kjølig, så langt ned mot 0 °C som mogleg. Knutekål har dårlegare lagringsevne enn kålrot, men høg luftfukt gjer knutekålen haldbar i fleire veker.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Kålvekstar