Hopp til innhald

Fagstoff

Pak choy

Pak choy er ein kålvekst som dannar ein bladrosett av 8–10 grøne blad, med ein lang, kvit stilk og kvite bladnervar. Han har fleire namn og blir også kalla for paksoi, bok choy og tai tsai. Choy og tsai tyder ganske enkelt grønsak på kinesisk.
Pak choy i ein bunke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utsjånaden minner om kinakål og mangold, men han er lengre og lausare enn kinakål og skil seg frå mangold ved at blada er heilt jamne og runde i ytterkantane. Pak choy har ein søt og mild smak og blir nytta både som salat og som kokt grønsak.

Variantar

Det finst fleire variantar av asiatiske kålvekstar som liknar på pak choy. Mini-pak choy blir ca. 10 cm lang, elles er utsjånaden og bruken den same som hos vanleg pak choy. Pak choy Shanghai er heilt grøn, utan kvite stilkar. Kai choi har lyse stilkar med små, bleike blad og kraftig smak som minner om sennep. Kai lan har store grøne blad som smakar bittert i rå tilstand, men mildt når dei blir kokte. Tat soi er små, grøne blad med kvit stilk. Smaken er mild og fin, og han kan nyttast som salat. Choisum har tynne, runde stenger med ovale, grøne blad og små, gule blomstrar. Han smakar nesten likt som kål.

Bruksområde

Både pak choy og andre asiatiske kålsortar er ypparlege til wok. Dei kan smørdampast, steikjast eller kokast. Friske blad og sprø stenglar kan også nyttast i salat.

Eigenskapar

Pak choy er ei kalorifattig grønsak.

Kvalitetskrav

Pak choy skal vere heil, utan kuldeskade og fri for skadedyr og sjukdommar. Blada skal vere saftspente, normalt utvikla og skorne like under bladfesta.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Sjå korleis ein lagar wok med pak choy og biff (YouTube).

Hugselappen

Norsk sesong:

blir sådd både tidleg om våren og på seinsommaren

Med andre ord:

latin: Brassica chinesis
engelsk: bok choy, pak choy, paksoi
tysk: Pak choi
fransk: pak choi

Lagring:

0–4 °C, kjølig med høg luftfukt

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Kålvekstar