Tidlegkål (nykål)
Tidlegkål er ein av dei tidlegaste sortane på marknaden om våren, og han er ei svært attraktiv vare når han kjem. Den norske sesongen strekker seg frå mai til september. Tidlegkål har kortare haldbarheit enn vanlig hovudkål. Han bør lagrast mellom 0 og 2 gradar.
Tidlegkål blir nytta som annan kål og er nydeleg kokt, smørdampa og i wok. Rå tidlegkål er òg kjempegod finsnitta i salatar. Skoren i båtar kan han òg bli grilla, til dømes saman med hakka krydderurter.
Tidlegkålen skal bestå av eit heilt og jamfarga hovud, utan sår eller flenger. Blada skal vere flekkfrie, sprø og saftige og ha ein frisk farge. Stokken skal vere avskoren tett under bladfestet. Kålen skal vere fri for jord og insekt.
Når det gjeld ernæring, kan tidlegkål samanliknast med hovudkål. Begge kåltypane er kalorifattige og inneheld noko vitamin A og ein god del vitamin C. Vel 100 gram tidlegkål dekker dagsbehovet for vitamin C.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Med andre ord
latin: Brassica oleracea var. capitata
engelsk: cabbage
tysk: Kohl
fransk: chou