Romanesco
Romanesco er ei kryssing mellom blomkål og brokkoli, og han har først komme på marknaden dei seinare åra. Smaken er mild og fin og minner om blomkål. Den norske sesongen strekker seg frå juni til september. Romanesco av god kvalitet eignar seg godt til lagring forutsett at omgivnadene er optimale. Dette krev høg luftfukt og vern mot trekk. Kålen bør oppbevarast mellom 0 og 2 gradar.
Romanesco blir nytta på same måte som blomkål. Han eignar seg godt til å bli eten rå, kokt, gratinert eller frityrsteikt. Rå romanesco kan delast opp i små bukettar og nyttast i grønsakfat, som tilbehøyr i salatar eller som rein snacks. Kokt romanesco eignar seg bra til kjøtt- og fiskerettar. Ettersom romanesco lett kan miste noko av fargen under tillaginga, er det viktig at han blir forvella på rett måte, og at bukettane er like store.
Romanesco skal vere fast, tett og sprø. Fargen skal vere lys grøn. Blada skal vere friske og sprø utan teikn til misfarging eller at dei losnar. Romanesco treng varsam behandling. Han får elles lett mørke flekker.
Romanesco er mager kost slik som blomkål, med høgt innhald av vitamin og mineral. Han er mettande og fiberrik.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Med andre ord
latin: Brassica oleracea broccolo
engelsk: romanesco
tysk: Romanesco
fransk: romanesco