Hopp til innhald

Fagstoff

Kinakål

Kinakål er ein asiatisk kålvekst som vi ofte finn på norske middagsbord. Han blir mykje nytta i salatar, men eignar seg òg til suppe og gryteretter.
Kinakål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kinakål kjem, som namnet seier, opphavleg frå Kina. I Europa har han vore dyrka sidan midten av 1900-talet, og han blir òg dyrka i Noreg.

Kinakål dannar eit ovalt hovud som er tungt og tett knytt saman nedst, men noko lausare i toppen. Dei store og krusete blada har breie, kvite nervar, medan toppen av bladet er lysegrønt. Tidleg i sesongen er han nokså grøn.

Det finst ulike typar kinakål med varierande form og farge. Vekta kan også variere, men ho ligg vanlegvis på mellom 0,5 og 1,5 kg. Kinakål har ein sprø konsistens og blir mykje nytta som basis i salatar. I nabolandet vårt Sverige kallar dei han salladskål. Kinakål er ein svært delikat kålvariant med ein mild, fin og litt søt smak.

Rader med kinakål klare for innhausting. Foto.

Bruksområde

Kinakål blir ofte kutta opp og nytta som råkost eller i salat. Men han er kanskje vel så god i varme retter og kan kokast, gratinerast, smørdampast, steikjast eller nyttast til stuing. Kinakål kan òg nyttast i supper og gryter eller wok.

Kvalitetskrav

Kinakål skal vere sprø og rik på saft, og han skal ha ein frisk utsjånad utan teikn til misfarging av blada eller bladstilkane. Bladstilkane skal vere kvite, utan mjuke flekker, sliming eller svarte prikkar som kan vere teikn på virusåtak. Hovuda skal vere faste og skorne like under bladfestet.

Næringsinnhald

Kinakål inneheld ein del A- og C-vitamin i tillegg til noko mineral, og han er ei kalorifattig grønsak.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juni–desember

Med andre ord:

latin: Brassica pekinensis
engelsk: chinese cabbage
tysk: Chinakohl
fransk: chou de Chine

Lagring:

0–2 °C. Kinakål har ganske god haldbarheit når han blir lagra rett, men haldbarheita er også avhengig av sort og dyrkingsland.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Kålvekstar