Mot slutten av 1600-talet byrja vi å dyrke hovudkål i Noreg.
Hovudkålen består av eit hovud danna av tettpakka blad. Han er ei hardfør grønsak som toler det norske klimaet godt, og han eignar seg godt til langtidslagring, noko som kjem av det tynne voksbelegget på blada. Hovudkål kan vege opptil fleire kilo, men vanlegast er hovud på 1–2 kilo. Konsistensen er sprø og saftig.
Bruksområde
Hovudkål kan brukast rå, finskoren i salat eller i råkost. Han kan kokast, smørdampast, steikjast, wokkast, syltast eller brukast til surkål, stuing eller supper.
Kvalitetskrav
Hovudkål skal ha tett knytte, tunge hovud med glatte ytterblad. Kålhovudet skal vere heilt og jamt farga, utan sår eller flengjer. Blada skal vere flekkfrie, sprø og saftige og ha ein frisk farge. Stokken skal vere avskoren tett under bladfestet. Kålen skal vere fri for jord og insekt.
Næringsinnhald
Hovudkål er kalorifattig og inneheld noko A- og ein god del C-vitamin. Om lag 100 gram hovudkål dekkjer dagsbehovet for C-vitamin.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Hugselappen
Norsk sesong:
Hovudkål kan lagrast i lang tid og er derfor tilgjengeleg heile året.
Med andre ord:
latin: Brassica oleracea var. capitata
engelsk: white cabbage
tysk: Weisskohl
fransk: chou blanc
Lagring:
0–2 °C. Hovudkål er svært haldbar, og toler langtidslagring under optimale lagringsforhold.