Hopp til innhald

Fagstoff

Spisskål

Spisskål er ein variant av kvitkål som har mange av dei same eigenskapane som tidlegkål. Det latinske namnet er det same som for kvitkål. Spisskål har ei karakteristisk form som kjem av at blada ikkje bøyer seg så lett innover vekstpunktet.
Ein spisskål mot kvit bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsistensen er sprø med laust knytte, saftige blad. Smaken er mild og fin. Spisskål vert nytta som tidlegkål og har dei same ernæringsmessige eigenskapane som kvitkål. Haldbarheita er kortare enn for vanleg kvitkål. Vi importerer noko spisskål utanom den norske sesongen.

Næringsinnhald

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

Mai-oktober

Engelsk: oxheart cabbage
Tysk: Spitskohl
Fransk: chou pointu

Lagring:

2–4 ºC. Ha den gjerne i plastpose eller plastboks.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Kålvekstar