Hopp til innhald
Fagartikkel

Blomkål

Blomkål kjem opphavleg frå landa rundt Middelhavet, men blir no dyrka over store delar av verda.

Utsjånad og lagring

Botanisk sett er blomkålen litt spesiell sidan han består av mange små samanvaksne blomsterbukettar. Han er dermed ein uutvikla blomsterstand omkransa av grøne blad, og det er dette som har gjort at han har fått namnet blomkål, som tyder kålblomster eller blomstrande kål. Blomkål er mild på smak med sprø konsistens i bukettane. Sesongen i Noreg strekker seg frå juni til oktober. Blomkål bør lagrast kjølig, frå 0 til 2 gradar.

Bruksområde

Blomkål er nydeleg kokt, gratinert, frityrsteikt og i kremar, supper, gratengar, gryter, wok og stuingar. Rå blomkål i små bukettar er godt i salatar eller som snack. Blomkål i tjukke skiver er nydeleg å grille. Raspa blomkål kan brukast i staden for ris.

Kvalitetskrav

Blomkålhovudet skal vere fast, tett og sprøtt. Fargen skal vere kvit eller kremfarga. Blada skal vere friske og sprø utan teikn til misfarging eller at dei losnar. Blomkål treng varsam behandling. Han får elles lett mørke flekker.

Næringsinnhald

Blomkål har både lågt energiinnhald og lågt feittinnhald. Blomkål har eit høgt innhald av protein, vitamin C og kostfiber.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om blomkål

I filmen under (1 minutt) kan du lære meir om blomkål, og du får tips om korleis han kan lagast til og serverast.

Video: Opplysningskontoret for frukt og grønt / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Brassica
engelsk: cauliflower
tysk: Blumenkohl
fransk: chou-fleur

CC BY-SA 4.0Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 11.06.2024