Hopp til innhald

Fagstoff

Kålrot (kålrabi)

Kålrot, som òg blir kalla kålrabi, er ein gammal kulturplante som har vore dyrka i Noreg frå midten av 1600-talet. Kålrota er ein nær slektning av kål, noko som òg går fram av namnet. Men i motsetnad til hos andre kålsortar er det hos kålrot knollen vi et, og ikkje blada.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fasongen er rund, og storleiken kan variere frå små kålrøter på under 1 kilo til store på 3–4 kilo. Fruktkjøtet er hardt og fast med ein lys gul farge. Kålrota er rik på C-vitamin og blir derfor også kalla Nordens appelsin. Ho har ein mild og fin kålsmak og kan nyttast i mange slags retter.

Bruksområde

Gryte med raspeball, kålrot og salta kjøt. Foto.

Kålrot er ei allsidig grønsak som kan nyttast i mange ulike retter. Før bruk skreller vi kålrota, og deretter skjer vi ho opp i skiver eller terningar som kan kokast i gryteretter eller supper. Kokt kålrot i skiver kan serverast som grønsak til middagsretter av både kjøt og fisk. Kålrot kan vidare nyttast som stappe, strimla rå til wok eller i skiver gratinerte i omn. Kålrot kan også rivast og serverast som råkost, til bruk i salat eller skoren i stavar som snacks til dipp.

Kålrotstappe. Foto.

Kvalitetskrav

Kålrot skal kjennast tung og ha ein fast konsistens. Ho skal også vere vaska fri for jord og smuss. Kålrot skal vidare vere fri for sprekkar eller ytre skadar som kan gi grobotn for mugg eller bakterieåtak, og det skal ikkje følgje blad med. Kålrot kan også leverast voksa for at ho skal halde på fukta.

Næringsinnhald

Kålrot er ei grønsak med høgt næringsinnhald. Ho er rik på C-vitamin, og vitamina held godt utover vinteren. Kålrot er mager og kan gjerne etast rå som mellommåltid.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om kålrot

Hugselappen

Norsk sesong:

Kålrota kan lagrast lenge og kan derfor kjøpast i butikk heile året, frå januar til desember.

Med andre ord:

latin: Brassica napus rapifera
engelsk: swede
tysk: Kohlrübe
fransk: chou navet

Lagring:

0–2 °C. Kålrota har lang lagringskapasitet under dei rette lagringsforholda. Ho held seg best om du lagrar ho med temperaturen så langt ned mot 0 °C som mogleg, og med høg luftfukt.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Rotgrønsaker