Hopp til innhald

Fagstoff

Ingefær

Ingefær er ei gammal kulturplante som har vore dyrka i mange tusen år i Kina, India og fleire afrikanske land. Det er den kraftige underjordiske stengelknollen som er etande, og den spesielle fasongen kjem av dei mange bladskota og utvekstane som ingefær set under vekstperioden.
Ingefærrot i ei håndflate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ingefær er lys brun utvendig med ein svak gulgrøn farge innvendig. Dersom vi knekkjer knollen av, kjenner vi straks den friske dufta av ingefær. Dufta kjem av dei eteriske oljane i planten, som inneheld aromatane zingeron og gingerol. Vi bruker fersk ingefær som vi bruker den tørka varianten, men fersk ingefær er langt friskare på smak.

Tilsetting av ingefær i glas med eplemost. Foto.

Bruksområde

Ingefær har eit stort bruksområde. Før bruk må han reinskast ved at vi skraper eller skreller bort det ytste laget. Fersk ingefær kan bitevis pressast i kvitlaukspresse eller rivast på rivjern til krydder. I ein del gryteretter koker vert bitar av ingefær kokt med og deretter fjerna før servering. Ingefær kan nyttast i karriretter, til lam, svin, fisk, kylling eller kinamat, og ingefær er også ein viktig del av innhaldet i marinade for orientalske kjøtretter. Rota kan også nyttast i fruktsalat og i bakverk saman med eple og pære.

Sushi på ein firkanta tallerken. Foto.

Eigenskapar

Ingefær har flott smak og aroma og set ein spiss på mange retter. Sidan forbruket av ingefær er lite, kan vi ikkje snakke om noka ernæringsmessig betydning. Ingefær har lenge vorte nytta som legemiddel. Har du sår hals, kan du trekkje ei skive ingefær i teen, eller du kan leggja ei skive ingefær på tunga. Det er også sagt at ingefær hjelper mot kvalme, reisesjuke og svangerskapssmerter.

Næringsinnhald

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Ingefær skal ha knollar som er faste, kraftige og lysfarga. Dei skal ikkje ha teikn til misfarging, ròteangrep eller inntørking.

Hugselappen

Med andre ord:

Latin: Zingiber officinale
Engelsk: Ginger
Tysk: Ingwer
Fransk: Gingembre

Lagring:

8–12 °C. Ingefær har svært god haldbarheit. Han kan lagrast i fleire månader når lagringsforholda er gode. Fukt under lagring fører til misfarging og ròte. Ingefær kan også frysast.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Rotgrønsaker