Hopp til innhald

Fagstoff

Kinaskokk

Kinaskokken kjem frå Aust-Asia. I Europa er han mest kjend under namnet crosne. Namnet kjem av den franske byen som er sentrum for produksjonen av denne knollen. Kinaskokk er ein avlang liten rotknoll, frå 2 til 5 cm lang, og ser nærast ut som ein stor larve.
En haug med kinaskokker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Han er lysebrun utanpå og kvit og saftig inni. Han inneheld ikkje stive, men eit stoff som liknar på inulin. Kinaskokk har ein søt smak som minner litt om artiskokk.

Bruksområde

Børst kinaskokken før bruk. Han er fin å bruka rå i salatar, og kan også kokast i nokre få minutt og brukast som tilbehøyr til middagsretter. Koketida må vera kort for at kinaskokken skal behalda den sprø konsistensen. Kinaskokkar er gode steikte eller smørdampa som tilbehøyr til fiske- og kjøtretter.

Næringsinnhald

Vi kjenner ikkje næringsinnhaldet til kinaskokken.

Kvalitetskrav

Kinaskokkar skal vera heile, saftspente og spenstige, utan teikn til uttørking eller ròte.

Huskelappen

Med andre ord:

Latin: Stachys affinis
Engelsk: Crosne, Chineese artichoke
Tysk: Knollenziest, Chinesische artischocke
Fransk: Crôsne du Japon

Lagring:

0–4 °C. Kinaskokkar skal helst oppbevarast kjølig og mørkt og med høg luftfukt.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Rotgrønsaker