Hopp til innhald

Fagstoff

Rettich

Rettich er ein variant i reddikfamilien. Rettich finst i fleire fargar, fasongar og storleikar, men mest vanleg er kvit, avlang rettich. Han kjem opphavleg frå Asia, men vert no også dyrka i Europa.
Ein stor bunke med rettich. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvit rettich kan verta opptil 50 cm lang og vege fleire kilo. Den spesielle smaken hos alle variantar rettich kjem av at dei inneheld sennepsolje.

Bruksområde

Råkost med kaneldressing. Foto.

Rettich bør skrellast før bruk. Vi kan deretter eta han naturell raspa som råkost, kutta i stavar til dipp eller i skiver i salat. Rettich kan nyttast som grønsakspålegg på same måten som agurk eller kokast som grønsak til kjøt og fiskeretter. Han er nydeleg å smørdampa. Rettich kan også nyttast til dekorasjon.

Næringsinnhald

Rettich er kalorifattig og inneheld noko C-vitamin. Lite forbruk gjer at han ikkje har nokon ernæringsmessig verdi. Rettich held godt på kvitfargen etter skrelling.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Rettich skal vera heil og utan mørke eller mjuke flekker. Fruktkjøtet skal vera fast, kvitt, sprøtt og friskt.

Hugselappen

Med andre ord:

Latin: Raphanus sativas var. longipinnatus
Engelsk: Rettich, White radish, Japanese radish, Mooli
Tysk: Japanische Rettich
Fransk: Radis japonais

Lagring:

Rettich har best haldbarheit når han vert lagra så langt ned mot 0 °C som mogleg, og når luftfukta er høg.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Rotgrønsaker