Hopp til innhald

Fagstoff

Galangarot

Galangarot er ein rotvekst som kjem frå Søraust-Asia. Ho vert også kalla for Laos. Galangarot vert dyrka i Søraust-Asia og nytta som smakstilsetting i asiatiske rette.
To bitar galangarott. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rotstammen er ca. éin meter lang og har små spissar eller utvekstar. Dei nye skota er lys rosa i fargen. Knekkjer vi rota, kjenner vi straks den friske dufta. Dufta kjem frå dei to smaksemna i planta, som er galganol og alpinol. Galangarot vert nytta som ferskt krydder på same måten som ingefær.

Bruksområde

Sterk og syrleg buljong. Foto.

Galangarot vert også kalla for ung ingefær og nytta på dei same områda som ingefær, men smaken er noko mildare. Vi må reinska ho noko før bruk ved å skrapa eller skrella bort det ytste laget. Fersk galangarot kan bitevis pressast i kvitlaukspresse eller også rivast på rivjern til krydder. I ein del gryterettar koker ein skiver av denne rotveksten med, men fjernar dei før servering. Galangarot kan nyttast i karrirettar, til lam, svin eller fisk. Ho er vanleg i det kinesiske, thailandske og indonesiske kjøkkenet og er ein viktig del i marinaden for orientalske kjøtrettar.

Eigenskapar

Galangarot har flott smak og aroma og set ein spiss på mange retter. Sidan vi har eit lågt forbruk av galangarot, kan vi ikkje snakka om nokon ernæringsmessig verdi.

Næringsinnhald

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Galangarot skal ha fast konsistens og vera lys brun. Ho skal ikkje ha teikn til misfarging eller ròteangrep.

Hugselappen

Med andre ord:

Latin: Alpina galanga
Engelsk: Greater Galangal
Tysk: Laos, Grosser Galgant, Galanga
Fransk: Galanga d'Inde

Lagring:

8–12 °C. Galangarot har svært god haldbarheit. Ho kan lagrast i fleire månader når lagringsforholda er gode. Fukt under lagring fører til misfarging og ròte.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Rotgrønsaker