Hopp til innhald
Fagartikkel

Kassava

Kassava stammar frå Sør-Amerika, der han har vore nytta som mat i fleire tusen år. Portugisarane tok han med til Afrika, der han vart så populær at han blir dyrka over store delar av kontinentet.

Opphav og utsjånad

På 1700-talet vart han frakta til Asia og er no ein viktig del av kosthaldet i Thailand, Indonesia og Sri Lanka. Det er rotknollane som blir nytta, og desse avlange, brune og glatte knollane kan bli opptil ti kilo, medan vanleg handelsvare sjeldan er meir enn to kilo. Knollen er rik på stivelse, har eit korkaktig skal og mjølkekvitt, saftig fruktkjøtt.

Bruksområde

Rå kassava inneheld eit stoff som ved hjelp av enzym kan blir danna om til blåsyre, som er svært giftig. Kassava må derfor IKKJE etast rå. Ved rett tillaging unngår vi problemet. I opphavslanda følger tillaginga av rå kassava hundreår gamle framgangsmåtar, som inkluderer utvatning, lufttørking, oppdeling og koking. Heile prosessen tek fire–fem dagar.

Kvalitetskrav

Kassava skal vere heil og tørr utan mjuke flekker. Han skal vere fri for sår og mekaniske skadar.

Næringsinnhald

Kassava inneheld fleire kaloriar enn potet, og er rik på kalium, kalsium og jern.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.