Hopp til innhald
Fagartikkel

Persillerot

Persillerot er i nær familie med persille og er ein svært gammal kulturplante. Ho kjem opphavleg frå middelhavsområdet, der ho framleis veks vilt.

Utsjånad og lagring

Persillerota er ei kvit rot med lysebrune striper. Ho liknar på pastinakk, men er litt mindre. Både rota og graset har sterkare smak enn bladpersille. Smaken på persillerota kan òg minne mykje om sellerirot. Om hausten blir persillerota seld i buntar med graset på. Utover vinteren blir rota seld utan gras. Den norske sesongen strekker seg frå september til april. Persillerot held seg best dersom ho blir lagra mellom 2 og 4 gradar, gjerne i plastpose eller plastboks.

Bruksområde

Persillerota må reinskast før bruk. Kutt av stilken og rotfestet, og skrell med ein potetskrellar. Persillerot kan nyttast i supper og gryter, smørdampa eller steikt som tilbehøyr til kjøttrettar. Riven persillerot er godt som råkost, i salat saman med eple og i wok. I supper og gryter kan graset òg nyttast.

Prøv deg gjerne på å steike persillerot i omnen, du kan til dømes bruke Matprats oppskrift på omnsbakte persillerøter.

Kvalitetskrav

Persillerot skal vere rein, sunn, saftspent og fri for skadedyr. Rota skal vere heil, velforma og utan forgreiningar.

Næringsinnhald

Persillerot inneheld vitamin A, B6 og C, jern, kostfiber, folat og ein del kalium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om persillerot

I den korte filmen under kan du lære meir om persillerot og få tips om korleis ho kan bli laga til og servert.

Tillaging av persillerot. Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Petroselinum crispum
engelsk: root parsley
tysk: Wurzelpetersilie
fransk: persil tubéreux

CC BY-SA 4.0Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 09.08.2024