Hopp til innhald
Fagartikkel

Nepe

Nepe er ein gammal kulturplante som hadde stor ernæringsmessig verdi før poteta kom. Nepe blir hausta ganske tidleg og får berre vekse i cirka 6 veker før ho blir teken opp. Den kvite, runde rotfrukta er på dette stadiet lita med ein diameter på 8–10 cm.

Dyrking og lagring

Tidleg hausta nepe er ei velsmakande delikatesse med sin milde og nydelege smak. Viss nepa får vekse lenger, blir ho større, og smaken blir beisk og konsistensen hard eller treen. Neper finst også i fleire variantar, og forma kan vere rund, oval eller avlang.

Den norske sesongen strekker seg frå juni til desember. Neper må lagrast kjølig, helst mellom 0 og 2 gradar, mørkt og med høg luftfukt. Om dei er hausta tidleg, eignar dei seg ikkje for langtidslagring.

Bruksområde

Vi skreller nepa før bruk. Ho kan rivast og nyttast til råkost eller i salat, eller ho kan skjerast i skiver, kokast i lettsalta vatn og gjerne serverast med smør eller nyttast som tilbehøyr til kjøtt. Nepa kan òg bli stua, gratinert eller vere ingrediens i gryter eller supper.

Kvalitetskrav

Neper blir selde i buntar og skal vere kvite, gjerne med ein fiolett, grøn eller gul farge øvst rundt bladfestet. Dei skal vere heile, reine, harde og fri for skadar og sliming.

Næringsinnhald

Nepa er kalorifattig. Ho inneheld noko vitamin C, jern og kalsium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om neper

I den korte filmen under kan du lære meir om neper og få tips til korleis dei kan bli laga til og servert.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

Latin: Brassica rapa subsp. rapa
engelsk: turnip
tysk: Mairübe
fransk: navet