Hopp til innhald

Fagstoff

Søtpotet

Søtpoteta kjem opphavleg frå Sør-Amerika, men vert no dyrka i alle tropiske område. Som namnet seier er denne poteta søtare enn vanleg potet og inneheld 5 prosent sukker mot vanleg 0,5 prosent.
Søtpoteter i ei skål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trass i namnet er søtpoteta ikkje i slekt med vanleg potet sjølv om bruksområda kan vera like. Søtpoteta er avlang i forma og kan verta ganske stor. Ho har variantar med både oransje og kvitt fruktkjøt. Den oransje varianten er mest nytta hos oss. Fargen på skalet kan variera frå lys brunt til raudt. Smaken er søtleg og kan minna om gulrot.

Andebryst med søtpotetmos. Foto.

Bruksområde

Søtpotet kan både steikast i skiver, kokast eller bakast. Ho er ei velsmakande grønsak til kjøtretter eller i wok. Kokt søtpotet bør skrellast. Koketida er den same som for vanleg potet. Søtpotet er veldig godt eigna som bakt potet med salt, pepar og ein klatt med smør og kan også kuttast i bitar og steikast i panne eller i wok. Søtpotet vert nytta til kaker og i dessertar, som til dømes i sweet potato pie – søtpotetpai.

Næringsinnhald

Søtpotet inneheld meir karbohydrat i form av sukker enn vanleg potet. Han er også rik på A-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Søtpoteta er større enn vanleg potet og kan vega opptil 5 kilo. Ho skal vera glatt i skalet, heil og fast i konsistensen. Ho skal vera utan vekstsprekker, inntørking eller mjuke flekker

Hugselappen

Med andre ord:

Latin: Ipomoea batatas
Engelsk: Sweet potatoe
Tysk: Süsskartoffel, Batate
Fransk: Batate douce

Lagring:

12–16 °C. Søtpotet har lang haldbarheit og kan oppbevarast i fleire månader under ideell temperatur og luftfukt.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Rotgrønsaker