Hopp til innhald
Oppgåve

Hjelpemiddel og ADL

Samarbeid i grupper og lær meir om hjelpemidla som finst for grupper med ulike funksjonsnedsetjingar.

Oppgåve

Del klassen inn i grupper. Bruk nettsida Hjelpemiddeldatabasen i arbeidet.

Kvar gruppe lagar ein plakat som presenterer hjelpemiddel som kan vere aktuelle for at ein person skal kunne

  • utføre personleg hygiene – gå på toalettet, vaske seg, pusse tenner og dusje
  • bevege seg – gå, stå opp og leggje seg, kle på seg
  • kommunisere med andre og oppfatte signal frå omverda
  • utføre gjeremål på kjøkkenet – skjere brød, lage middag, ete og vaske opp

Relatert innhald

Fagstoff
Hjelpemiddel

Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.